![]() | |||||
| HOVUDSIDE | PUTBALL | PROSHOP | EIGEDOMSUTVIKLING | KLUBBHUS | MINIGOLF |
Stord Putballpark er no opnaGreenfee for vaksne er kr. 40,- og born (opp til 16 år) kr. 20,-. Henvend dykk til golfklubbkontoret for utlevering av ballar og scorekort. Dersom kontoret er ubemanna, ring 90693303. Kva er putball?Verdsnyheten putball er ein kombinasjon av fotball og golf. Putball kan spelast på dei fleste område. Som i golf, er målet å få ballen ned i eit antal hol på færrast mogleg berøringar. Spesiallaga putballhinder, som ballen skal gjennom, er med på å gjera sporten spanande og unik. Som i fotball speler ein putball med føttene, og putballane er fotballar i storleik 4, med farge- og talmerking. Fotball og golf er i dag verdas mest populære idrettar, og putball har potensial til å bli ein like stor folkesport. HinderTunnelen, Vindauget og Korga. Desse er laga av rotasjonsstøypt plast, og har ein fin og holdbar raud farge. Dei kan stå ute permanent, og har særs lang levetid. Hindera vert fylt med vatn for å stå støtt. Ved 9-hols profesjonelle banar skal det vera hinder før hol nr. 2, 4, 6 og 8. Hinderet før hol nr. 8 er ein labyrintformasjon av tre hinder som er lik nederste del av vindauget og korga. |
|||||